Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nordvikstranda. Foto: Dordi J H

Strandryddedag på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.

Det blir oppmøte i Røe-Sletteneset kl. 10.00. Grendalaget stiller med sekkar, men det er lurt å ta med hanskar. Klokka eitt blir det kaffe med noko godt attåt.

Grendalaget håpar på godt oppmøte både av store og små – dette er viktig for natur og miljø!

Aksjonen «Hald Midt-Norge reint!» har som motto: Små og store hender ryddar våre Strender!

Publisert: 4. mai 2018, 10:04