Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor oppslutning om basaren til inntekt for Toåa Tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. mai 2018

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen idrettslag basar til inntekt for Toåa Tursti. Sjølv om det var retteleg godver, kom det mykje folk, og det vart god, gammeldags basarstemning i Ungdomshuset.

Her var det stort basarbord med heile 37 fine gevinstar med stor variasjon; alt frå fiskekort, glaskunst, planter, gåvekort, bakst, tørr ved, hagemøblar og mykje meir! Sjølvsagt var det salg av årer og kaffesalg; kjøkkengjengen kunne by på gode kaker, graut og bakels

Markus har kjøpt bakels og graut. På kjøkkenet styrte Turid Hals Sæther, Steffi Bohle og Carina Talgø. Foto: Dordi J H

Svein Åge Saksen viste film, og det er alltid populært. Denne gongen var det glimt frå skuleåret 2005/06 og frå 4H i 2011/12.

Elinor Bolme er leiar i prosjektgruppa, og før trekninga av siste gevinsten takka ho for støtta til basaren for turstiprosjektet. Ho var strålande fornøgd med oppmøtet i Ungdomshuset og med at det kom inn heile 30 000 kroner! Riktig bra loddsalg både på Hals før basaren og på sjølve basarkvelden. Ho takka for alle dei flotte gevinstane, og ho takka alle som hadde kjøpt lodd og for all positiv velvilje i bygda til turstiprosjektet.

Triveleg å treffast på basar. Frå venstre Liv Larsen, Johan Kvendset, Bodil Kvendset, Jorunn Ness, Ingrid Todalshaug. Foto: Dordi J H

Andre tok kaffien ute. Her ser vi frå venstre: Ragnar Halle, Jon Husby, Hans Gundersen, Ståle Ansnes, Torkjel Ansnes Moe, Eivind Bolme. Foto: Dordi J H

PROSJEKTET VIDARE

I prosjektgruppa for Toåa Tursti sit Elinor Bolme, Carsten Bohle, Michal Heimlund og Ståle Ansnes. Elinor kunne fortelje at det alt er rydda ein del skog, men at det no blir pause i det praktiske arbeidet fram til hausten, da blir det meir skogrydding og etter kvart grunnarbeid. Sommaren vil bli brukt til å få alle søknader og godkjenningar på plass. Plana er at turstien skal vere klar til bruk sommaren 2019.

Prosjektgruppa har også planer om ha eit arrangement eller ein aktivitet kvar månad framover. Dei satsar mellom anna på jonsokfeiring nede ved elva når det lir så langt.

Elles vil det sjølvsagt bli ein del dugnadsarbeid utover hausten.

Vil de vite meir om dette prosjektet, kan de lese artikkelen «Prosjekterer tursti langs elvekanten» frå 22. februar i år her på todalen.no.

Loddsalg. Frå venstre: Elinor Bolme, Carsten Bohle, Lars Sæther, Laila Kvendset. Foto: Dordi J H

Tru om vi vinn? Markus, Maria, Nicole og Martine. Foto: Dordi J H

Elinor Bolme (til venstre) og Ragnhild Ansnes Moe hadde ansvar for trekninga. Foto: Dordi J H

Her er fullstendig TREKNINGSLISTE BASAR 13. mai Toåa Tursti

 

 

 

 

Publisert: 13. mai 2018, 21:38