Årsmøte hos Surnadal Folkeakademi
Surnadal Folkeakademiet inviterer til årsmøte måndag 18. februar kl 20.00. Møtet er på kantina i Skeivegen 3. Denne er i tredje etasje i Coopbygget. Her blir det vanlige årsmøtesaker.
Vi fann 3536 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Folkeakademiet inviterer til årsmøte måndag 18. februar kl 20.00. Møtet er på kantina i Skeivegen 3. Denne er i tredje etasje i Coopbygget. Her blir det vanlige årsmøtesaker.
I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane.
Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.
I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden. Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]
Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.
Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til varseltrekantar med både gule og raude farger både på nedbør, flaum, jordras og sist men ikkje minst snøras i Trollheimen.
Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året.
Surnadal Pensjonistlag melder nye dagar for trim og dataklubb no på nyåret.
Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar kl. 1900.
Mange var kanskje klistra framfor TV-skjermane i romjula, medan Magnus Carlsen briljerte under årets sjakk VM i Russland. Og det hadde kanskje ringverkningar når det i dag måtte utsettast ekstra bord for at alle skulle få spele under sjakkøkta på Matkroken.
Det skriv Trollheimsporten på sine heimesider no i dag. Dei har vore i kontakt med Arnt Årnes som eig majoritetane av aksjeane som blant anna har gitt ut juleheftet Vangsgutane med hendingar frå Todalen sidan 1983.
Vi skriv no på siste verset av 2018, og nesten som ein tradisjon så er ruskeveret på plass i Todalen og Møre & Romsdal for øvrig. Den vesle snøen vi fekk natt til i går har forlatt dalen for lengst, og ute er det no pøsregn og vind. NVE melder om både kraftig vind og mykje nedbør i vår landsdel, som naturleg nok vil leggje ein dempar på årets nyttårsfeiring.