Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 3; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Fredag 19. april 2019

Fotografering på Halle. 10 årsjubileum for todalen.no. Ein heil episode utan Handelsmann Nordvik eller Lunde-gaupa. I går var ein underleg dag i påskekrimmen. Og det blir ikkje betre i dag.

Å for ein strålande morgon, å for ein strålande dag. Motivasjonen for å kome seg opp lia for det tradisjonelle skirennet Kjerringdilten var slik passe god. Sjølv smørefrie ski klistra seg til nakken der dei låg på ryggen i påvente av den første snøflekken. Nullføre, fantom fellesig, gaddkladd og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. Men på sosiale medier var det berre glade solbrillefjes, her var det ein skam å snu sjølv om føret og humøret var manglande.

På Skihytta var bakelspressa i gang, og folk klumpa seg saman i påvente av at Handelsmann Nordvik, også kjent som Kjerringdiltgeneral, skulle gje klarsignal til at det var på tide å få på seg skia. Det ryktast at i år var det ein ny tidtakar på rennet, og spekulasjonane gjekk på om idealtida ville legge seg på linje med tidlegare år utført av folk frå flataste Prærien eller dei meir bakkevante frå Halset. Tegnspråktolk Talgø fant seg i munter passiar med Gammelostystar Gjeldnes. Dei diskuterte gamle meierimetodar utan å sjå ut til å mugne av den grunn.  Journalist Stikkut! var ute på reportasjetur for todalen.no, og knipsa Fjesbokvarslar Moe og Fôrbrettfinnar Halset som alt hadde fått på seg startnummer. Overredaktør Ørsal var ikkje å sjå, han hadde visst andre planar denne påska …

Handelsmann Nordvik hoia og ga ordre om at det var å få på seg ski og startnummer tvert! Han gjekk kjapt gjennom reglane, og så var startnummer 1 Bruset klar for å ta fatt på løypa. Han tok seg god tida. Kjente litt på diltinga i knea. Lågt tyngdepunkt. Ikkje noko nytt. Ja, om ein ikkje skulle henge seg opp i den svake lukta tå fjordfiska makrell då. Men slik kunne jo skje den beste … Han hadde lagt merke til at Grasforskar Grønmyr ikkje hadde vore blant bakelsetarane. Det var sikkert travelt i grasbransja sidan påska var så sein. No skulle han berre stake litt på her i svingen, og så var det berre eit barneskirenn inn til mål.

Nede i bygda var derimot føre heilt prima, og frk Bladfyk var på tur oppover bygda. Dei gamle fjell i syningom. Dei gode telehiv-humpane. Dei store hola i asfalten. Alt ved det same gamle. På Halle helsa ho på postkassegjengen, og svinga ned Pilskaret. Men var det ikkje Grasforskar Grønmyr som sto og fotograferte ute på ekra? Med ein spade? Skulle ein tru fleire observasjonar i sidesyndet var det den store gravedagen i dag sidan fleire var ute å lufta ting ein kan kalle ein spade, men som sikkert har ulike og eigne namn i Stangvikboka. Ho smaug seg over Øyabrua og tok fatt på delar av turen som krev både girskifte og kraftigare tråkk.

På Skihytta var stemninga god på facebook, medan det i røynda var på tide å snøre sin sekk og smøre om til ursnø og potetmjøl. Sjeldan hadde bygda ligge lengre ned. Det brusa godt i blodet og hjarte som alltid vanker. Men ned skulle dei, om så Handelsmann Nordvik måtte gje dei ei ekstra dytt utfor. «Kom igjen!» sa han «Kjenn på kor bakelstyngdagir deg ein fenomenal gravitasjon.»

Grasforskar Grønmyr høyrte det peip og hoia nedover lia. «Kjerringdiltsleppet» tenke han, «like sikkert vårteikn som kvitsymre og kransekakedagar» Han snudde ryggen til sola for å kunne sjå betre på kameraskjermen. Denne gongen var ikkje skjermen berre svart.

Aiaiai … er vi vitne til ein arkeologisk funn på nivå med Osebergskipet her? Har verkeleg ikkje frk Bladfyk lært seg at den største gleda i livet er ein lang skitur med dårleg glid og manglande humør? Og kvifor verkar det som at startnummer 1 Bruset har så god kjennskap til løypa? Og korleis gjekk det eigentleg med Kjerringdilten? Resultata finn du nok på ein nettstad nær deg seinare i dag.

Høyr episode 3 her:

 

Først publisert: 19. april 2019, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2019, 21:11