Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 1; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Onsdag 17. april 2019

Preludium:
Året er 1995. Året etter OL på Lillehammer og folkerøystinga om EU. Eit år som ikkje blir hugsa for så mykje meir enn det. Men i Todalen er det eit historisk år. Orgelet, dette brusande instrumentet, som trufast har fylt kyrkja med tonar skal endeleg få nye piper. Slutt på manglande tonar i akkordane. Slutt på ulyd. Og slutt på pengeinnsamlinga som har strekt seg over fleire tiår. Kollektpengar skal bytast i koral og øyregodt til kyrkjelyden. Og sjølv om det var ein mørk og stormfull vårkveld, dreiv Orgelreparatør Sjølyd på med reparasjonen. Fleire nyfikne hadde vore innom og ho kunne ikkje fri seg frå tanken om at det kunne vore mykje lettare om det fantes ein stad for å dele informasjon med alle i bygda. Kanskje med nokre bilete? Så kunne ho peika på pipene og forklart. Og kanskje gje eit internasjonalt teikn for at dette gjekk bra? Men, det tok jo si tid. For bilete måtte ein jo framkalla. Så måtte ho skrive ein plakat, og så måtte plakaten puttast i postkassane. Nei, det var vel like greit å ta seg tid til å forklare til alle som var innom.

Men no var det stilt. Berre lyden av ei og anna ugle i skogen ovanfor Moen kunne høyrast saman med lyden av ei våryr elv som hadde vakna til live etter å stille ha surkla seg gjennom vinteren. «Skal vi sjå, kvar var eg?» Orgelreparatør Sjølyd strekte seg etter ei av orgelpipene som låg klar. «C, D, E og Fiss er på plass.» Ho kniste, sjølv om orgelreparatøren hadde drive med dette i over 30 år klarte ho ikkje å la vere å seie Fiss med lang i og éin s … Litt dårleg humor måtte jo ein orgelreparatør sendt til innerst inne i ein nordmørsfjord tillate seg. Og ho var jo åleine, ja om du såg bort ifrå Jesus og andre menneskefiskarar då. Dei såg ikkje ut til å skjøne blåsebelg og anna luftfenomen-humor. Orgelreparatør  Sjølyd held fram «Gissebass er der ja. Og Kn …» Ho stoppa opp. Der pipa til den meir ukjente, men særs viktige kn-pipa skulle ligge, var det tomt! Kvar hadde ho teke vegen? Orgelreparatør Sjølyd såg rundt seg. Nei. Inga kn-pipe var å sjå. Kva skulle ho gjere no? Ringe soknerådsleiaren og seie at det mangla ei pipe? Ho kunne jo ikkje det. Men kvar hadde pipa teke vegen? Og kven hadde interesse av å ha ei stålrøyr som kunne gjere luft til ein kn-tone?

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik han har gjort sidan Tov skoda utover han fyrste gongen frå Sjåarberget. Her ljoma vakker salmesong, og her diltar kjerringar av alle kjønn på idealtid når påskehøgtida er på si høgaste. For no er påska 2019 her, sein og fin for dei som helst held seg på barmark. Sein og fin for dei som likar å krype oppover liene på jakt etter flekkar å gå på ski. Og sein og fin for dei som er klar for å sende inn bilete til todalen.no med tittel Vårteikn.

På Halsbua var det eit søg av heimkomne søner og døtrer iblanda fastbuande og anna folk med handlelapp. Men i år var det kome til ein ny lyd i det vante lydbilde. Lyden av panteautomaten! For ved sidan av olje i alle taktar, piggdekk på boks og klisterfjernar sto det no eit under som gjorde tomgods om til pengar. Det var like magisk kvar gong å sjå på flaskene som forsvann inn i maskina for så å bli registrert til ein lapp som kunne bli både kokt skinke, rundstykker, handsåpe, snus, bomullspinnar, mjølk og eingongs tørkeserviettar. I alle fall hadde det sett slik ut då frk Bladfyk hadde lese den fyldige reportasjen Overredaktør Ørsal hadde laga av hendinga tidlegare i vinter. No sto ho i køa for å teste. For ein ting var å lese om det på favorittnettstaden, noko anna var det å oppleve det heile tett på.

I køa var det fleire kjente. Tursti Bolme. Fjesbokvarslar Moe. Gammelostystar Gjeldnes. Ein frå Brusetslekta med Høg Huvføring. Og ein Heil Halle. Folk gjekk litt til og frå. Fremst no var ein som, ifølge sikre kjelder rundt Bladfyk, hadde vore ivrig med pilking på fjorden då isen la seg i vinter. Dei prøvde ved hjelp av Stangvikboka å forklare ho kven han slekta på i sjuande ledd på sørsida, men ho var like blank som ei nypussa orgelpipe. Eller møresild i motsol. Ho hadde lagt merke til at han hadde meir enn Oscar Sylte og Pepsi i posen. Og heilt rett … det gjekk ikkje lang tid før det peip i automaten og Handelsmann Nordvik kom ilande til. «Svensk brusboks! Svensk brusboks er förbjudet! Har du ikkje lese plakaten?» Og heilt riktig, ved sidan av automaten sto ein av Handelsmannen sine plakatar med teksten «Roser er raude, fiolar er blå, utanlandsk pant kan du berre gløyme å putte på»  Det summa i køa. Men Pilk Panter såg ut til å ta det heilt med ro. Han henta ut pantelappen, og gjekk mot reolen med fiskeutstyret.

Heisann! Det ser jammen ut til at det ikkje blir ein fredeleg påske for bygda i år eller. Her er det berre å henge på, dette er berre starten …

Og jaggu har ikkje forfatteren sjølv lese den inn for oss! HØYR krimmen her: 

 

Først publisert: 17. april 2019, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2019, 21:12