Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fleire gode forslag til løysing kom inn

Elinor Bolme Måndag 22. april 2019

Det ryktas at årets påskekrim vart godt motteke, og lesarar frå heile landet har klødd seg i hovudet den siste veka. Ja, for kven var egentleg Pilk Panter som angjeveleg hadde todalsblod i årene?? Og Frk Bladfyk, som berre fyk her i feriane, skulle ikkje ho snart busett seg her og teke over redaksjonsoppgåvene for godt?

Hallingen vart denne gongen den store «skurken» men det var det ikkje alle som sendte inn forslag på løysing som foreslo. Kun ein hadde rett alternativ og det var Jo Gjeldnes. Han skriv kort og godt: «Har ingen god forklaring men gikta sier alternativ 3, Ein heil Halle». Muleg han har kika over skuldra til dagens bilete redaktør Byteng medan ho fekk ein sniktitt i krimmen før den vart publisert???

Gammelostystar  Anders Gjeldnes, også kjent som soknerådssekretær Gjeldnes hadde alternativ 8, eige forslag;
Forbrettfinnar Halset trudde det var ein storvaksen tomboks som låg og slang på innmark. Han tok han derfor med på halsbua og putta han i panteautomaten.
Ragnar Halle derimot held seg hogghard på at det var alternativ 2 Tursti Bolme som var syndaren: Ho er heilt klart på utkikk etter ei toppsak på todalen.no. Igjen!
 
Endre Talgø hadde også alternativ 8; eige alternativ, som sitt løysinsforslag. Han sitt forslag er krimredaktør Redalen sitt foretrukne vinnarvalg, berre så synd det var feil: Det er ikkje mangel på tvilsomme folk på Halsbua i år heller! Men ei er flink til å halde ein låg profil gjennom heile høgtida. Ho er faktisk berre nevnt ein gong, og da langt oppå påskefjellet. Tegnspråktolk Talgø er nok den med det klaraste motivet for å ville knuse ei orgelpipe. I del 5 forklarar Pilk Panter at det er ein kn-pipe. Ein meir eller mindre stum tone, slik som k’en i knight på engelsk. Men kva er poenget med ein stum tone? Sånn umiddelbart verkar det berre som bortkasta blekk, men tenk på ein stakkar tegnspråktolk. Ein skal kunne formidle alle slags lydar med eit visuelt teikn, men så må ein også ha teikn på lydar utan lyd? Der gjekk nok grensa for ein ellers tolerant kjerringdiltar. Ja, no var gravplyndraren i del 4 beskreve som Mannen med Spade. Her ser eg to forskjellige forklaringar. Enten så har ho ein medsamansvoren. Kven det isåfall er blir å ta denne konspirasjonen til vanvidd, men det kan jo tenkjast at ein tegnspråktolk og ein gammalostystar har meir å snakke om enn gamle meierimetodar. Eller så er Tegnspråktolk Talgø ein raser i unnabakken og segla blant dei første ned kjerringdiltsleppet, så såg ho Grasforskar Grønmyr på ekra frå Øyagrenda da ho kom ned og i all hast har ho kasta på seg ein karrafrakk for å ikkje bli gjenkjent.
 
Vi takkar for alle innsendte bidrag og premierer vinnaren med ein todalan.no kopp. Dei andre får sjølvsagt trøstepremiar i form av eit hendig todalen.no sitjeunderlag no i desse jorddunsttider.
 
Redaksjonen ønsker også å rette ein stor takk til Guro Redalen som nok ein gong har underheldt oss gjennom påskehelga. Også du fortjener ein todalen.no kopp. Vi ser fram til Påskekrimmen 2020 allerede! 
Publisert: 22. april 2019, 21:00