Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 2; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Torsdag 18. april 2019

Dette har hendt: Påskehøgtida er i gang med panting og handel på Halsbua. Nokon er mindre gode på å lese plakatar, noko som førte til ein episode ved panteautomaten. Merkeleg. Ein skulle jo tru at slekt i sjuande ledd på sørsia visste betre. Og det var det ikkje berre frk Bladfyk som meinte.

«Främling vad döljer du för mig» tenkte frk Bladfyk i det Pilk Panter passerte ho på vegen. Han helsa blidt og ho vinka tilbake. Tankane spann seg vidare til andre høgdepunkt i Melodi Grand Prix. Dei var ikkje få, og ho var langt inne i paljettar, vindmaskinar, moduleringar då Mann med skjegg jogga forbi. Nei kva var det ho dreiv på med? Skulle ikkje ho levere ei sak til todalen.no kanskje? Dei hadde nemleg ein serie på kva todalen.no hadde betydd for folk dei snart 10 åra dei hadde vore på lufta. Ho hadde ikkje blitt spurt til å bidra, men tenkte at litt personleg initiativ hadde da aldri skada nokon.

Ved postkassane på Halle gjekk diskusjonane som vanleg. Var no ikkje eigentleg Ole Gunnar Solskjær frå grenda? Nokon meinte at dei heilt tydeleg hadde kunne sett ein el classico Halle-fot i aksjon den tida han herja på den grøne matta. Det var visst alt folk på saka, for kven veit vel kva dampen for inn og ut med den tida han dampa seg inn og ut fjorden til byen åss? Sjølv dei med høg huvføring måtte seie seg einig i det. Og var ikkje Organist Bøe i slekt med han? Frå postkassane kunne dei skimte Grasforskar Grønmyr plystrande på veg over plena. Han hadde eit reiskap type for graving over akslane. Selskapet meinte at det var både for tidleg og seint for graving no. Slikt skulle jo som kjent ikkje skje før ti dagar etter hussusigdagen med ekstra mølsgrætoppstandelse. Men ja, ungdommen … dei grev no sine eigne vegar tydelegvis.

Grasforskar Grønmyr gjekk med målretta steg til området der det hadde vore arkeologiske utgravingar. På verdsveven hadde han lese om funna av nye vikingskip, og at ein kunne ved hjelp av lydbølgjer og ekkolodd-teknologi finne fram til eldre funn utan å grave i jorda. Eit par timar med ivrig søk på teknologien, litt romstering i skuffer og jakkelommer, og han hadde kanskje klart å lage ein kopi av kameraet. Lyden som måtte til hadde han analysert seg fram til å ligge på frekvensen til krengelhæk, altså den tradisjonelle kulokkmetoden frå indre-Nordmøre. Han rigga til kameraet med høgtalarar montert på ein spade og skrudde på opptaket av krengelhæken.

Knips. Lyden av at kameraet utløyste seg sjølv. Grasforskar Grønmyr skvatt til. Han tok eit djupt andedrag. Dette var nesten for spennande. Nei. Heilt svart. Ikkje noko teikn til noko anna ein svart jord. Han skrudde litt på kameraet igjen. Plugga lydbølgjene med krengelhæk ned i jorda. Og venta.

På vegen passerte ein ukjent sølvgrå bil. Var det eim av fjordfiska modd han kjente? Det var ikkje så lett å kjenne skilnaden mellom … knips! Kameraet hadde utløyst seg igjen. Han bøygde seg ned for å sjå om resultatet var betre denne gongen.

Jaha, så go´foten til Solskjær er nedarva frå Halle og krengelhæking kan brukast i arkeologi? Dette er heilt på ville vegar. Kva anna er det som döljer seg i Halle-jorda?

Høyr del 2 her:

Først publisert: 18. april 2019, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2019, 21:12