Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 6; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Måndag 22. april 2019

Siste dag i påska. Det er på tide å snøre igjen og finne løysinga på påskekrimmen.

«Eg kan ta med meg orgelpipa innover til kyrkjekontoret på Skei i morgon» sa Ein heil Halle. «Perfekt!» svara Handelsmann Nordvik og var alt i gang med ein ekstra plakat med teikninga av ei orgelpipe og eit stort kryss over. «Er du sikker på at det er så lurt?» sa Pilk Panter. «Ja, er det grunn til å tru noko anna?» svara Handelsmann Nordvik. Ein heil Halle hadde alt orgelpipa i handa. «Eg har ein sterk mistanke om at det er nokon her som har prøvd å fjerna spora av kn-lyden» «Kva meiner du med det?» Spurte Tursti Bolme klar med notatblokka. «Ja, er det ikkje slik at det er ein stad i bygda der nettopp desse to bokstavane først i eit ord har skapt eit eige språkfenomen. Slik at knakk blir til nakk» Han kom med fleire døme. Panteautomatkøa snudde seg mot Ein heil Halle. «gn.» sa han berre «det heiter gn. Er det så vanskeleg å få til?»

Preludium

«Kattbilete, kattbilete» Dagens bilde redaktør Byteng bladde seg gjennom dei innsendte bidraga. «Kva seier du, skal vi berre slette dei? Det er jo ikkje nokon som er like fin som du læll så.» Lunde Gaupa strekte seg så lang ho var på sofaen og brydde seg lite. Eit par klikk på slett på redaktørmaskina, og berre nye rekkjer med fjell med og utan sol var klar til publisering.

Til tonane av utandørskeyboard og vakker salmesong frå Haugligarden kunne ein berre så vidt høyre lyden av spadetak på Halle. Ein heil Halle pusta tungt, det var hakket enklare i 1995 å grave ned denne pipa. Men ned i jorda skulle ho. Om så han skulle bruke gniv  …

Bladfyk hadde akkurat satt punktum på artikkelen om « Kvar einaste dag i 10 år – Mitt liv med todalen.no» Han hadde blitt litt lang, men ho rekna med at det gjekk greit. Litt lengre opp i bygda var postkassegjengen samla. Lyden av gn og n med og utan strupelyd var det einaste som let. Og i lufta låg det ein eim av fjordfiska sei.

 

Høyr siste del av årets påskekrim her, og så kjem vi tilbake med forslag på løysingar til kvelds:

 

Publisert: 22. april 2019, 09:00