Kåring av månadens bilete for juni.
Ein varm og god juni er passert og vi har rigga til med månadens bilete kåring. No treng vi di hjelp for å kåra vinnaren. Stem på det bilete du liker best.
Vi fann 3561 artiklar i dette arkivet.
Ein varm og god juni er passert og vi har rigga til med månadens bilete kåring. No treng vi di hjelp for å kåra vinnaren. Stem på det bilete du liker best.
Mesta melder om at det blir vasking av Svinviktunnelen i morgon kveld (2. juli) frå kl. 20.00 og utover. Det er ope for ferdsel, men det blir manuell dirigering og redusert fart (50 km/t).
Atleta og Svinviks arboret inviterer til pilates/yoga i Svinviks arboret! Som oppvarming blir det ein felles tur på Svinvikrunden. Bli med og få påfyll for kropp og sjel i vakre omgivelsar.Møt opp ved startpunkt for Svinvikrunden i morgon torsdag 25. juni kl. 13.00. Ønskjer du å delta kun på pilates/yoga kan møte opp i arboretet, […]
Tysdag ettermiddag samla ein turkomite med Elinor Bolme i spissen eit tredvetals tilsette frå Amfi Drift og Amfi Kreativ i Olav Thon Gruppen til fellestur til Toåa Tursti.
Fredag 26. juni kl 18 inviterer Stangvik sokneråd til songstund i Stangvik kyrkje.
Espen Selbæk syng og spelar. Diakonane Mari Kristine Brækken og Runa Svare frå Nidaros domkyrkje deltek med song.
Styret i Todalen.no etterlyste på etterjulsvinteren fleire bidragsytarar til å oppretthalde Todalen.no som nyhetskanal for lesarane sine. I kveld inviterte dei derfor til rekrutteringsmøte del 2 som ga full utteljing med heile tre nye navn på blokka; Guro Redalen, Bjørn Gunnar Ansnes og Stig Husby. Og med nymotens teknologi, vart møtet gjort med Guro på Teams, frå det som vart det nye distriktskontoret på Sagene i Oslo.
Surnadal kulturhus er no opna igjen på dagtid og det fører også til at biblioteket kan gi eit betre tilbod. Opningstida for biblioteket er avgrensa til kl.13–15 (måndag–fredag), men det går an å bestille «time» om det passar betre å kome mellom kl. 10 og 12. Send i tilfelle e-post eller ring (tlf. 476 80 797).
I dag klokken 19 inviteres det til nytt infomøte for aktuelle kandidater som vil være med å bidra med tekst, bilder og litt redaksjonelt arbeid her på Todalen.no. Styret håper derfor at fleire har lyst til å komme og få ei lita innføring i kva den enkelte kan bidra med utifrå eigen kunnskap og muligheit.
Måndag den 29.juni kl. 19:00 er det Todalen Grendalag sin tur til å gjennomføre sitt utsette årsmøte i Todalen ungdomshus.
Stian og Arve Evensen på Todalshytta søker nå etter to ungdommer i alderen 17-25 år for å hjelpe seg til med ulike ting i den daglige driften. Etter åpningen for to uker siden har behovet meldt seg for ekstra hjelp på både kjøkken og i servering. I den forbindelse har de søkt Sparebank 1SMN i Surnadal om støtte for å ta inn ungdommer som ønsker å ha sommer arbeid, og fått innvilget plass og økonomisk støtte til to stykker.
Stangvik sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Nordvik søndag 14. juni. Takka vere gjestefriheita til Ola og Ingrid Røe har det vore tradisjon i mange år å ha denne gudstenesta på stranda deira nedanfor Slettneset, eit nydeleg område ved sjøen som Stangvik sokneråd er svært takksame for å få lov å bruke fortel soknerådsleiar i Stangvik, Ranveig Brøske.
Den nyvalgte anleggsgruppa med ansvar for anlegget på Bordholmen med Lars Stensby i spissen, har i kveld hatt sitt første møte. I den anledning ønsker gruppa å invitere bygdefolket til dugnad førstkommende måndag.