Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dette kunne gått så mykje verre…!

Jon Olav Ørsal Måndag 5. oktober 2020

Sist fredag var det full utrykking for alle naudetatar da det kom melding om brann på Talgø gard. Brann er det store marerittet som vi alle er redde for og som vi fryktar skal skje med oss – fredag skjedde det altså på Talgø gard. På Talgø gard var det ingen heime og det var det heller ikkje hos naboen, så det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og meldte brannen, fortel Anita Talgø som eig garden og som bur der. I tillegg budde det 2-3 leigebuarar i Gammelstua – dei var på jobb på Talgø MøreTre da brannen starta.

Anita Talgø er realist, og seier at dette kunne gått mykje verre. Hadde det teke fyr i hovedhuset ville heile gardstunet vore tapt. Ho rettar ein stor takk til alle som var med og hjelpte til denne dramatiske fredagen. Det er Anita Talgø som eig Talgø Gard og som bur her.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Dermed var det full alarm for alle naudetatar – brannvesen, politi og ambulanse.  Først på pletten var det lokale brannvernet, kollegaer og familie på Talgø og privatpersonar – som straks starta arbeidet med å avgrense brannen til Gammelstua – der brannen hadde starta. Dei pøse på vatn for å kjøle ned hovudhuset som står nærast og deira innsats var nok avgjerande for at hovudhuset og resten av gardstunet vart berga, fortel Anita.  I sterk auståvind var det mesta mot alle odds at ein skulle klare å avgrense brannen til Gammelstua.

Anita lovprisar innsatsen til det lokale brannvernet, og fortel at ho har fått hjelp ved fleire høve.  Ikkje berre med brann, men også liv og helse – der rask hjelp har vore heilt avgjerande for resultat.  – Dei er heilt uunnverlege for oss som bur på landsbygda, ikkje berre i Todalen men også andre plassar i grendene, legg ho til.  Honnør også til han som varsla brannen. Han var på tur til Kårvatn og gjorde alt rett – varsla brannen og sjekka ut om det var folk i husa.

Stor takk til alle
Anita er audmjuk og takknemleg når ho nemner alle «etatane» og andre som var med og hjelpte til på branndagen. – Eg føler at det er både godt og trygt å sjå at alle stiller opp for å hjelpe til nå alt ser så håplaust ut, seier ho og er tydeleg rørt.  Anita rettar ein stor takk til alle som var med på branndagen og etterpå.  – Først og fremst ein takk til det lokale brannvernet både her i Todalen, på Kvanne og i Surnadal. Ho takkar også resten av naudetatane, familie og vener og andre som var med – og ikkje minst Todalen Sanitetsforening som sørga for mat og drikke til brannmannskapa. 
Ho fortel vidare at Talgø MøreTre har sørga for leigebuarane i Gammelstua, slik at dei har fått både husrom, klede og mat i første omgang.
På branntomta er arbeidet også i gang – først med sikring av brannstaden og så blir det nok gjennomgang av politiet for å finne brannårsaka – og ein omgang med forsikring.

Stor innsats frå brannmannskapa redda nok hovedhuset og resten av gardstune frå flammenes rov. Foto: Jon Olav Ørsal

Til ettertanke
Det som skjedde på Talgø gard denne fredagen er nok ein vekkjar for ein og kvar.  Vi ser kor viktig og avgjerande den lokale beredskapen er for resultatet.  Gong etter gong er dei først framme enten det gjeld brann enn det gjeld liv eller helse.  For oss som bur på landsbygda og ute i grendene, har dette ei avgjerande betydning.   – Både politikarar og byråkratar må ta dette på alvor og hugse på dette når den lokale beredskapen blir salderingspost i kommunebudsjettet.

No er brannstaden sikra – her er nok store verdiar gått tapt. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. oktober 2020, 11:12