Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken Todalen: – Tysdag blir butikken stengt utover ettermiddagen!

Jon Olav Ørsal Måndag 5. oktober 2020

I samband med oppgradering av straumforsyninga og det elektriske anlegget i butikken blir vi nødd til å halde stengt tysdag ettermiddag frå kl 13.00. Deler av elanlegget er frå den tida da butikken opna på 80-talet og vi er no pålagt å skifte ut deler av anlegget med tanke på driftssikkerheit og for å få eit meir moderne utstyr med bl.a. automatsikringar i heile anlegget. Stengninga gjeld både butikken og drivstoffanlegget. 

Dette arbeidet har vore planlagt nøye, og vi reknar med at det skal være klart for å sette på straum igjen onsdags morgon, seienast kl 09.00.  Da skal alle naudsynte fungsjonar være i drift igjen og butikken skal kunne haldast open for våre kundar dersom alt går etter plana. Dette er eit prosjekt som er finansiert gjennom Merkur, med 50 % støtte derifrå.

Oppfordringa frå handelsmann Nordvik er difor at alle sammen handlar mat og drivstoff før butikken stenger tysdag kl 13.00 for vi har ikkje høve til å drive med nokon handel når eletrikarane er i arbeid i butikken – da blir bitikk og drivstoffanlegg heilt stengt, seier Nordvik.

 

Publisert: 5. oktober 2020, 13:47