Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premierar og ekstraframsyningar ved Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. oktober 2020

Det går så det «susar» på Surnadal kino fortida med fulle hus, opplyser Steinar Hasselø frå kinoen. Dette gjer at dei fredag 9.oktober kl. 13:00 og søndag 11.oktober kl. 14:00 har vald å sette opp ekstraframsyningar av den populære animasjonsfilmen Knutsen og Ludviksen – Det store dyret. 

Hasselø opplyser vidare at det i helga er premiere på barnefilmen «Trolls – Verdensturne» (Trolls World Tour) som òg er ein animasjonsfilm. Filmen er ein oppfølgjar av filmen Troll frå 2016. 

«Trolls – Verdensturne»

Onsdag 14.oktober er det «endeleg» duka for premiere på Børning 3. Dette er ein film der premieren har vore utsett fleire gonger på grunn av Koronasituasjonen, men som no altså endeleg får premiere. Denne gongen er Børninggjengen innom mellom anna Trollstigen før «kappkøyringa» endar opp  i Tyskland, nærare bestemt på den velkjende motorsportbanen Nürburgring i delstaten Rheinland-Pfalz. 

Børning 3. Frå Trollstigen til Nürburgring

For ytterlegare informasjon om filmane og for å kjøpe billetter kan du gå inn på heimesida til Surnadal kino

Publisert: 8. oktober 2020, 13:42