Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg gjenhør frå revymiljøet

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. oktober 2020

Etter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema.  Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar.  Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet. 

Eivind Holte orienterte om arbeidet med å samle revylivet frå 1965 og fram til i dag mellom to permar. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei gamle songtekstane som blir samla er frå 1965 og framover til i dag, og omfattar produksjonar frå Surnadal BU revygruppe, og seinare frå Svarraberje teaterlag.  Men revyarbeidet starta vel så smått på eit enda tidlegare tidspunkt – faktisk før krigen.  men mykje av det gamle materiellet forvann under Ørabrannen. Men det var artig å få gjenhør med mange av dei gamle tekstane, og spesielt artig var det at revyveteranar heilt frå starten var med som oppsongarar i dag. Den store allsongen som var tiltenkt vart ikkje så kraftig at det gjorde noko, så oppsongarane – Styrkår Brørs, Holger Skei og Henning Sommaro vart nerast solosongarar. Henning Sommero akkompagnerte også på piano. 

henning trakterte pianoet og sørga for akkompanering av allsongen . Foto: jon Olav Ørsal

I tur og orden fekk vi høre dei gamle revyvisene og sjølvsagt høyrde det artige episodar til mange av revyvisene. «No vil vi søng» (tekst Ola Øye) var først ute og sidan gikk det slag i slag med tekstar etter både lokale revyforfattarar og tekstar etter «proffane» Hyldbakk og Gravvold.  Styrkår Brørs, Holger Skei og Eivind Holte hadde forresten «drodla» litt med publikumstal gjennom hele denne perioden, og di hadde funne ut at til saman rundt 60.000 publikumarar har funne sitt sete under revyane gjennom 55 år.  Det er faktisk eit imponerande tal som alle revyentusiastane kan være stolte av.

Vart honorert med blomster – Rolf Arne Berg delte ut blomster på vegne av Senioruniversitetet. Her flankert av frå venstre Henning Sommero, Eivind Holte, Holger Skei og Styrkår Brørs. Foto: Jon Olav Ørsal

Leiear for senioruniveritetet Einar Oterholm ønska velkomen til gjenhør med revyviser. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 8. oktober 2020, 18:42