Eg driv på med dette for å halde liv i meg sjølv…
Det er lyset som skaper motiva, sa Reidar Østvik, da han laurdag ønska publikum velkomne til fotoutstilling i Finstua i Surnadal kulturhus. Og 85-åringen veit kva han snakkar om, for han har dyrka fotokunsten heile livet, og ein kan beundre hans evne til å bruke lyset i sine motiv – spesielt portrettfoto.