Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Evaluerer og satsar fullt på ny sesong for Todalshytta – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2020

Når vi treffer Arve Evensen, er han i gang med å rive ut kjøkeninnreiinga på Todalshytta.  Den er gammal som arvesynda, og avslørte seg i sommar da det vart skikkeleg trøkk som restaurantkjøkken.  Arve trekker pusten djupt, og fortel om kor tungvint det var å jobbe med matlaging – det ga både lang ventetid for gjestane og stor slitasje på mannskapet. No når roa har senka seg og vi har fått tid til å reflektere over sommarsesongen er det klart at ein ser ting som kunne vore gjort betre og enklare – ein ser både pluss og minus, men det som driv meg vidare er mellom anna alle dei trivelege gjestane og kontaktane som vi har hatt kontakt med.  (Oppdatert link)

Lakselva renn forbi nedafor Todalshytta – no skal du kunne sitte oppå bakken og sjå ned på elva. Foto: Todalshytta

Det første som skjer no er altså at den gamle kjøkeninnreiinga skal skiftast ut og skal erstattast med meir moderne og praktiske benkar og utstyr.  Elles skal det monterast ny ventilator og avsug, ny oppvaskmaskin og ny gasskomfyr som alt er komen på plass.  No blir og kjøken og anretning organisert betre, for at både kokk og servitør skal sleppe å springe rundt kvarande. Vi kjem og til å satse meir på servering utafor hytta.  Dette ligg det godt til rette for med mange svalgangar, men vi vil også prøve å få på plass eit par hagestuer framafor hytta.  Dette blir nok populært, med fin utsikt både utover bygda og ned i elva som renn forbi – spesielt er dette populært for utanlandske laksefiskarar som er dei hyppigaste gjestane på Todalshytta, seier Arve.  Her kan du sjå ein videosnutt frå marknadsføringa av Todalshytta.

Arve er optimist og ivrig når han pratar om neste sesong. Årets laksesesong var veldig bra, med mange laksefiskarar og godt sal av fiskekort.  Ofte kjem det fleire gode sesongar etter kvarande, og han tykkjer at dette teiknar bra til.  Men han må medgi at det er ei stor usikkerheit ein må ha med seg – korleis blir koronasituasjonen?  Vi kan vel kanskje sette vår lit til at vaksineringa er komen godt i gang til neste sommar?

Den nye gasskomfyren er komen på plass på kjøkenet – no blir det montering. Foto: Jon Olav Ørsal

Den spenninga må ein nok leve med ei stund framover, men Arve fortel at han alt har mange bookingar på plass til neste sesong.  Spesielt gjeld dette danske laksefiskarar som har fann seg godt til rette i Toåa i sommar.  Æra for dette må nok gis til ein god laksesesong i sommar og aktiv jobbing med marknaden. På sikt må vi kanskje bygge ut meir overnattingsplass for å auke gjestekapasiteten i sesongen.  Men vi må legge stein for stein og forbetre oss litt kvart år.  Både matsal og overnatting har bra tal i år og vi har ei utfordring i å vidareføre dette, men vi skal bruke vinteren på å førebu oss skikkeleg på neste sesong.  Årets sesong kom forresten vel fort i gang, seier Arve, og minnes at sommaren var like rundt hjørnet da kontrakt vart skriven.

Men vi vart skikkeleg tekne mot, både av bygdefolket og laksefiskarane. Det setter vi stor pris på, og til sommaren skal vi love at vi skal utvikle dette vidare med både balldagar og andre aktivitetar på matfronten, sluttar Arve Evensen.

Slett ikkje verst å nyte nokre dagar med laksefiske på Todalshytta. Foto: Todalshytta

Først publisert: 22. november 2020, 17:43 - Sist oppdatert: 25. november 2020, 13:01