Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påminning til ansvarleg eigar/utleigar og arrangør ved private samankomstar i leigde lokale

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. november 2020

I ein epost frå Surnadal kommune kjem kommuneoverlege Bjørn Buan med ei påminning til ansvarleg eigar/utleigar og arrangørar av private samankomstar i leigd lokale. 

«Surnadal kommune har frå den 23.11.2020 oppheva det lokale rådet om å utsette private arrangement med ein ansvarleg arrangør i leigde lokale. Det betyr ikkje at vi oppfordrar til dette, men det betyr at vi no ikkje ser grunn til å gi ytterlegare lokale råd til folk i Surnadal enn dei smitteverntiltaka som er innført nasjonalt, både for private samankomstar i heimen og i leigde lokale.

Den nasjonale smittesituasjonen er framleis ustabil og vi må forsikre oss ekstra om at smitteverntiltak blir etterlevd når folk samlast innandørs, også lokalt. Vi har erfart det er ekstremt vanskeleg å etterleve avstandsreglane i private samankomstar og festleg lag, og minner om det ansvaret som ligg på oss alle.

Vi viser til nasjonale smitteverntiltak  og minner samtidig om ansvaret som ligg på ansvarleg eigar/utleigar om å forsikre seg om at slike arrangement følgjer nasjonale smittevernreglar og har ein ansvarleg arrangør.

Ansvarleg eigar/utleigar skal opplyse ansvarlege arrangør om at han/ho må vere til stades under heile arrangementet og sørge for at smittevernreglane blir etterlevd.

Ansvarleg eigar/utleigar skal også opplyse om at det er ulovleg med private arrangement i leigde lokale kor personar under 18 år inntek alkohol. Dersom dette skulle skje, vil både ansvarleg eigar/utleigar og ansvarleg arrangør, bli stilt til ansvar.

Ved tvil –  sei nei eller be om råd.»

For meir informasjon trykk på lenka: Påminning private samankomstar i leigd lokale

Bjørn Buan, kommuneoverlege

Publisert: 26. november 2020, 10:32