Lokalt vedtak om smittekarantene og forlenga isolasjonstid
Som eit direkte resultat av at det er stigande smittetrend i Surnadal kommunen, vart det i dag gjort lokalt vedtak om smittekarantene og forlenga isolasjonstid. Smitten skjer på tvers av alder og vaksinasjonsstatus. Kommuneoverlegen si vurdering er at vidaresmitte til husstandsmedlemmar som igjen smittar andre utanfor husstanden, er det som driv pandemien vidare lokalt. Vedtaket gjeld frå i dag (18.11.) klokka 16:00 til torsdag 25. november klokka 12:00.
