Minner om årsmøtet sitt
Todalen.no minner om årsmøtet sitt i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val står på saklista til årsmøtet. Det blir servert kaffe og kveldsmat.
Vi fann 3519 artiklar i dette arkivet.
Todalen.no minner om årsmøtet sitt i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val står på saklista til årsmøtet. Det blir servert kaffe og kveldsmat.
Surnadal kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i Helse- og omsorgstenesta. Ungdommar registrert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga. Surnadal kommune ønsker å gje ungdommane innsikt i arbeidet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen, og tilbodet er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Todalen.no inviterer alle sine medlemmer til påskequiz med tacosnadder i Todalen ungdomshus, onsdag 13. april klokka 19:00. For våre medlemmer er det fri inngang, og ikkje-medlemmer betaler kroner 200,- via vipps ved påmelding. Dette inkluderer i tillegg eitt års medlemskap, dersom ein ønsker å vere medlem i Todalen.no! Det vil også bli sal av Todalen.no sine nyinnkjøpte krus, så meld deg på og bli med på ein triveleg kveld i ungdomshuset!
Fredag 8. april, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope påskebakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til påske.
Søndag inviterte Surnadal Blades sine spelarar til trening og pizza i Arena Nordvest som er namnet på den flotte ishallen i nordmørsbyen. Dette var siste helga det var is i hallen, og det passa difor perfekt med ein dag med trening der for Surnadal Blades.
Er du fans av Espen Lind, så kan du få treffe idolet ditt på Leikarvollen Scene i Bøfjorden. Da kjem han nemleg til Bøfjorden, og no kan du sikre deg billett til den kjente og kjære artisten. Etter ein lang koronapause kjem Leikarvollen Scene no i gang at med ny konsert. Espen Lind har vore […]
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?
Nest etter TV-aksjonen er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon den største i landet. Tysdag 5. april, om ettermiddagen, går konfirmantane og medlemmer frå soknaråda i Surnadal kommunen dør-til-dør. Fredag kveld var det pep-talk for årets aksjon i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Mange årig Kirkens Nødhjelp kontakt, Bernt Bøe, har send oss ein liten rapport frå pep-talken, som du kan lese nedanfor.
17.maikomiteen i Todalen hadde møte måndag kveld. Her vart det bestemt at årets feiring skal ha ein klar miljøprofil. Dette inneber mellom anna at det i år berre blir tillatt med el- og hybridbilar i det tradisjonsrike biltoget. Komiteen er klar over at ikkje alle har slike bilar, men med litt samkøyring, håper komiteen at alle som vil får vere med også på årets biltog.
Vi har fått ein e-post frå Bernt Bøe, som fortel at det blir påskevandring i Stangvik kyrkje onsdag 6. april klokka 19:30. Påska i ord og tonar, er tema denne onsdagskvelden i kyrkje. Kor, tekstlesarar og musikarar lagar ei temavandring som tek føre seg tida frå palmesøndag til påskemorgon.
Frå i dag, 1. april til og med måndag 31.oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som inneber at bantvangen her i kommunen gjeld i perioden 1. april – 31. okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Etter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverksted. Dette skjer laurdag 9. april klokka 12:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten.