Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hett & Svett – ny elektronisk dørlås på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. august 2022

I går vart det montert ny elektronisk dørlås på ytterdøra ved Hett & Svett. Samtidig vart det delt ut elektroniske kodebrikkar til dei medlemmene, over 16 år, som møtte opp ved Hett & Svett. Frå etter helga, må ein ha kodebrikke for å kunne nytte treningstilbodet ved Hett & Svett. Todalen Idrettslag ventar på ny forsyning med kodebrikkar, slik at alle medlemmer, over 16 år, og som ønsker det, kan få slike. 

Sidan det framleis er mange som ikkje har fått kodebrikke enno, vil døra på Hett & Svett vere open til etter helga. Medlemmer, over 16 år, som vil ha kort, og framleis ikkje har fått tak i dette, kan ta kontakt med Elinor Bolme på telefon 901 96 268. For å kunne få kodebrikke må ein vere medlem i Todalen Idrettslag, noko som kostar kroner 150,- per år. Om du ønsker å melde deg inn i som medlem i Todalen Idrettslag, tek du kontakt med Endre Talgø på telefon 936 89 326. 

Her kan du lese Brukerveiledning Hett-Svett

Skulle det vere behov for hjelp med å komme seg inn, eller å melde feil eller manglar på treningsapparate, så er det berre å ta kontakt på eitt av dei tre telefonnummera som står nedst på «Brukerveiledningen». 

Først publisert: 3. august 2022, 12:39 - Sist oppdatert: 25. januar 2023, 18:06