Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkommen til «Fiskesommer» på Nordvik i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. august 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer i kveld (torsdag 11. august), klokka 19:00 – 22:00 til «Fiskesommer» på Nordvik. Dei inviterer alle barn med foreldre/føresette til ein kveld med sjøfiske. Alle som trenger det vil få hjelp og assistanse frå folk frå SJFF. 

Det heile tek altså til klokka 19:00 ved Slettneset på Nordvik, der det blir skilta ved nedkjøyringa.

Arrangementet er gratis for alle, både store og små, og det er inga førehndspåmelding.

Ta med eige utstyr (fiskestenger, redningsvest osv) så langt dette er mogleg. SJFF har noko utstyr dei kan låne bort, men dei har ikkje nok til alle.

SJFF ønsker alle velkommen!

Spørsmål kan eventuelt rettest til Ola Røe på telefon 959 31 249. 

«Fiskesommer» på Nordvik

Publisert: 11. august 2022, 12:04