Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Svarrafjellet og Steinslettet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. august 2022

– «Dra aldrig dit!», sa visstnok gamle Henrik Ibsen eingong, og peika opp på fjellet (visstnok Fannaråken), Innleiar Kristian Ranes i Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. – Hadde det vore i dag, hadde han på det næraste hatt rett, legg han til. 

Oppstart oppi Skeismarka. Foto: Anne V. Einum

– Men trossaue fjellgruppevandrarar møtte opp og la i veg mot eit nytt turmål, nemleg den restaurerte høyløa attom Svarrafjellet, litt austafor Helvetet, for dei som veit kvar det er (teologar kanskje?), fortsett han

Mannfolka rastar ute ved høyløå. Foto: Anne V. Einum

– Men nokre eldsjeler (har ikkje noko med den glovarme staden å gjera!) har merka løype frå Svarrafjellstien i Kvengrødalen og rundt vestenden av fjellet til Søyådalssida heilt fram til Steinslettet og løå, legg Kristian til.

Kvinnfolka rastar inni høyløå. Foto: Anne V. Einum

– Skodda låg så nedpå at vi såg ikkje Skarfjellet rett over dalen. Men ein triveleg matpause vart det lell, kan Kristian fortelje. 

Utsikt frå høyløå i dag. Foto: Anne V. Einum

– Slitet for dei som slo graset på dette slettet i gamle dagar, kanskje 500 m over dalbotnen, vart kommentert med ærefrykt. Sanneleg låg det ikkje ein slipstein oppmed løå. Det kosta nok tonge tak å få han dit, opp den stupbratte Søyådalslia, seier han vidare. 

Vakkert med skodde og! Foto: Anne V. Einum

– Så kom regnet! Men alle kom velberga ned til bilane – takk til Asbjøren for stein og flakar i stien! – dynnvåte men glade for ei fin tur!, avsluttar Kristian i Fjellgruppa.

Blaut og glatt sti. Foto: Anne V. Einum

Neste tyrsdag har Fjellgruppa tenkt seg til Innerdalen og Renndølsetra! Meir informasjon om den turen kjem rett før helga. 

Takk for ein frisk tur! Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i dag tur kan du sjå nedanfor: 

Publisert: 9. august 2022, 19:20