Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongen går mot slutten i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. august 2022

Søndag 7. august er siste ordinære opningsdag i Svinviks arboret denne sommaren. Arboretet oppfordrar difor til å turen innom i løpet av helga, for eit besøk i hagen, og for å sjå på fotoutstillinga til fotograf Jörg Brunke – eller berre nyte ei triveleg stund i kafeen, med utsikt over den frodige hagen.

Snart sesongavslutning. Foto: Svinviks arboret

Siste rest i planteutsalet er no sterkt nedprisa, og arboretet har rydda drivhuset, og sel no frå overskotslageret av geranium/pelargonium av ulike sortar.

Etter 7. august kan ein besøke arboretet ved å betale via VIPPS-billett, men kafeen og toaletta vil vere stengt.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. august 2022, 12:43