Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag – tur til steinløa

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. august 2022

Laurdag 13. august klokka 10 inviterer Stangvik Historielag til tur til Steinløa, som ligg på Østbødalssida av Svarrafjellet. Guide blir Bjarne Holten, som har vore pådrivar for det store restaureringsarbeidet, som ein dugnadsgjeng frå historielaget har utført med løa. Løa er så vidt dei veit den einaste løa bygd av stein i Surnadal kommune, og i Steinslettet var det slått til kring 1900.

Oppmøte klokka 10:00 ved vasshuset til Surnadal kommune, der vegen til Skeisnebba hyttefelt tek av frå fylkesvegen. Derifrå blir det  samkjøring oppover til hyttefeltet, før ein tek føtene fatt på stigen mot Ranessetra og vidare til Steinløa. Det er bompenger på 70 kroner opp til hyttefeltet.

Kvar enkelt tek med seg mat og drikke.

Stangvik Historielag ønsker alle velkommen til tur.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 6. august 2022, 13:37