Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 428 artiklar i dette arkivet.


Kyrkjegardsdugnad tysdag 3. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. april 2022

Tysdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen Sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår. 


Friluftsgudsteneste: Ein dag i den finaste katedralen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. april 2022

Todalen sokneråd har ein lang tradisjon med friluftsgudsteneste på 2. påskedag – ein like lang tradisjon er det at det er finvêr på 2. påskedag. – Vi har alltid hatt finvêr så lenge vi ha halde på med dette, seier mangeårig organist og no vikar i denne tenesta, Bernt Bøe. Likevel har vi noko som er nytt av året, da friluftsgudstenesta i år er flytta frå Haugligardane til gapahuken på Tjønnmyra


Friluftsgudsteneste 2. påskedag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. april 2022

Måndag 18. mars (2. påskedag) klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i og ved gapahuken på Tjønnmyra. Soknerådet oppfordrar alle til å ta med seg sitteunderlag, slik at det blir betre å sitte. Liturg er Cathrine Grutle og Bernt Bøe er organist.  


Fasteaksjonen – stor givarglede

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2022

Tysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes


Årets fasteaksjon på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Tysdag 5. april på ettermiddagen, kjem årets konfirmantar og medlemmer frå Todalen Sokneråd på besøk med bøssene sine for å samle inn pengar til årets fasteaksjon. Årets aksjon har fått namnet «Håp i en dråpe vann», og er som vanleg i regi av Kirkens Nødhjelp. Fasteaksjonen er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Det er også mogleg å gje bidrag til fasteaksjonen – «Håp i en dråpe vann», via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.


Støtte til den ukrainske befolkninga under gudstenesta søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. februar 2022

Alle landets kyrkjer vil på søndag markere si støtte til det ukrainske folk, som no er under angrep frå russiske styrkar. Under gudstenesta i Todalen kyrkje søndag klokka 11:00, vil deler av P17-koret delta, og mellom anna synge nokre ukrainske songar. Takkofferet, som opprinneleg skulle gå til kyrkjelydsarbeidet denne søndagen, går i staden til å hjelpe befolkninga i Ukraina. Vipps: 506908. Det er Todalen Sokneråd som melder dette no i kveld. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

Søndag 27. februar klokka 11:00, inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Cathrine Grutle, medan Bern Bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet på Vipps: 506908. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 23.

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Søndag 23. januar klokken 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist denne søndagen. Takkoffer til Misjonsprosjektet, som har vippsnummer 506908. 



Julegudstenesta vart litt spesiell

Jon Olav Ørsal Fredag 24. desember 2021

Smittefaren og tiltak rund pandemien som herjar landet gjorde at julegudstenesta vart litt spesiell, med berre 16 påmeldte.  Det var påbud om munnbind og krav om avstand, og dette la nok ein stor dempar på førehandspåmeldinga til gudstenesta.  Men vi som var der gjorde det beste ut av situasjonen og kom nok i god julestemning etter kvart.


Framleis nokre ledige plassar til julekveldsgudstenesta i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. desember 2021

Todalen Sokneråd inviterer til julekveldsgudsteneste i Todalen kyrkje fredag 24. desember klokka 16:00. Liturg er Einy Rendal Elgsæther, organist Ronny Kjøsen og solist/forsongar Nina Halset. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps til #506908. På grunn av gjeldnande smitteverntiltak er det påmelding til gudstenesta.