Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets fasteaksjon på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Tysdag 5. april på ettermiddagen, kjem årets konfirmantar og medlemmer frå Todalen Sokneråd på besøk med bøssene sine for å samle inn pengar til årets fasteaksjon. Årets aksjon har fått namnet «Håp i en dråpe vann», og er som vanleg i regi av Kirkens Nødhjelp. Fasteaksjonen er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Det er også mogleg å gje bidrag til fasteaksjonen – «Håp i en dråpe vann», via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 

Verda opplever mange krisar samtidig: Konfliktar, flyktningekrise, pandemi, auka fattigdom og klimakrise. Talet på menneske som treng naudhjelp aukar dramatisk. Akkurat no pågår den største flyktningekrisa, sidan 2.verdenskrig, i Europa, som følge av krigen i Ukraina. Dei verste scenario seier at opp i mot ti millionar menneske vil vere på flukt berre frå Ukraina. I tillegg fleire millionar menneske som er på flukt frå svolt, krig, flaum og konfliktar frå heile verda. 

Kirkens Nødhjelp er tilstades, mellom anna, i Afghanistan og Malawi, der dei sørger for reint drikkevatn, tepper og hygienepakkar. Reint drikkevatn er ein av dei, om ikkje den viktigaste, faktoren for at menneske skal kunne overleve over tid. Pengane frå årets Fasteaksjon er såleis eit viktig bidrat til menneske i naud. 

Gjennom «Håp i en dråpe vann», mobiliserer Kirkens Nødgjelp det norske folk til å engasjere seg der nauden er størst, anten det er i Ukraina, Afghanistan eller andre land som opplever krisar og naud. 

Ta difor godt imot bøssebærerne, når dei kjem på døra i morgon ettermiddag!

Du kan også lese «Fasteaksjonen 2022»

Det er også mogleg å støtte fasteaksjonen via vipps 2426, via SMS VANN til 2426 (da gjev du 250,- kroner) eller via bankkonto 1594.22.87493. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 1. april 2022, 05:00