6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar, unge og vaksne frå Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard og Rindal alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid. I Todalen kjem konfirmantane rund bygda tysdag fra klokka 17.00 og utover.
– Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gje flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men, behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover. Det ser vi både i flyktningeleirane på grensa til Syria og i gjenoppbygginga på Filippinene.