Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gikk for reint vatn

Elinor Bolme Onsdag 25. mars 2015

I går kveld var konfirmantane i heile kommunen ute på den årlege innsamlingsaksjonen for Kirkens Nødhjelp. På ein og ein halv time hadde dei fem ungdomane besøkt kvar husstand med bøssene, og dei vart riktig så godt motteke av todalingane. Fleire var oppmøtt ved dørene før dei rakk og ringe på. Andre hadde til og med venta sidan i dagen før på at konfirmantane skulle dukke opp.

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har som mål å samle inn pengar til dei som trenger det mest, og å forandre årsaker til nød gjennom beslutningspåvirkning. Pengene som samles inn går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda, og årets innsamling går til reint vatn

image

Den som ikkje var heime, vart «kapra» på andre plassar. Som Gunnar Nordvik som enno var på jobb i Sisibu.

Etter konfirmantane var ferdige med runden venta soknerådet i kyrkja for å ta inn børsene som umiddelbart vart frakta til kyrkjelydshuset på Skei til oppteljing. Og til slutt vart det nystekte bollar og saft, og ein kaffekopp til sjåførane.

image

Alt skal med! Signe Grønmyr, Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset i soknerådet får med dei siste kronene før børsene tek turen til Skei.

På noverande tidspunkt har vi ikkje oversikt over innsamla midler hverken i Todalen eller kommunen ellers, men vi er lova korrekte tal utover dagen frå teljekomiteen på Skei.

Sjå landsoversikta her etterkvart som oppteljing skjer: Landsstatistikk

Om du ikkje var heime da konfirmantane for, ligg det ein lapp med givarinformasjon i postkassa di. Ellers er kontonummer til aksjonen 1594 22 87493. Ein kan også sende ein SMS til 2468 og skriv GAVE. Du gir då 200,- .

Først publisert: 25. mars 2015, 04:55 - Sist oppdatert: 24. mars 2015, 23:26