Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innsamlinga gav ny rekord i Todalen

Elinor Bolme Torsdag 26. mars 2015

Todalen sokneråd har no endeleg fått bekrefta beløpet etter konfirmantanes bidrag i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon på tirsdag. Og dei fem konfirmantane samla inn heile 9973 kroner på halvanna time. Dette er godt over fjorårets sum på 7678,- og soknerådet er storveies fornøgd med ungdommanes fenomenale  innsats og ønsker nok ein gong og takke dei for jobben dei gjorde, seier Signe Marie Grønmyr frå soknerådet.

Landsoversikta viser i skrivande stund 23 876 577,- men dette er nok ikkje heilt korrekt enda, da ein ser på oversikta at ikkje alle tall er komne med enno: http://fasteaksjonen.no/landsstatistikk

Publisert: 26. mars 2015, 10:59