Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 906 artiklar i dette arkivet.


Tur til Løfta

Tur til Løfta

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2013

Førstkommande tirsdag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. I år er dei tilbake med kun tradisjonell gåtur rundt om Løfta, med utlodning og kveldsmat etterpå i Sanitetshuset. Oppstart ved Sanitetshuset, via Myrmo, opp til trimboka på Løfta og ned om grustaket og hovudvegen til slutt.

Les heile saka

Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen

Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen

Elinor Bolme Laurdag 3. august 2013

Mange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.

Les heile saka

Endeleg vart det større terrasse

Endeleg vart det større terrasse

Jon Olav Ørsal Fredag 21. juni 2013

Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.

Les heile saka

Ledig hos fotterapeuten

Ledig hos fotterapeuten

Elinor Bolme Torsdag 20. juni 2013

Fotterapaut Olaug Bergem Aspill er nok ein gong på runde i Todalen for å tilby fotterapi. Ho er i Sanitetshuset i morgon, måndag og tirsdag. Men det er kun ledige timar tirsdag den 25. melder Marit Sanden Søyset som tek imot bestillingar på telefon 98 03 63 91.


Kvinnehelse i sentrum

Kvinnehelse i sentrum

Elinor Bolme Måndag 3. juni 2013

Torsdag kveld arrangerer dei fire sanitetsforeningane Todalen, Rindal, Øvre Surnadal og Torvik eit åpent møte på Surnadal videregående skole med kvinners helse i fokus. Arrangørane har fått hit Norges fremste forskar på kvinnehelse, Berit Schei. Hun har i ei årrekke forska på forskjellar mellom menn og kvinner ved ulike sykdommar og symptomar.

Les heile saka

Strikkekaffe med garnvisning

Strikkekaffe med garnvisning

Elinor Bolme Onsdag 1. mai 2013

Laurdag arrangeres siste strikkekaffe denne våren. I den anledning kjem Torill Gjeldnes for å vise fram garn spunne av ull frå eigne sauer. Ulla er spunne på spinneri, og Torill har dermed fått tilbake mykje fint garn i 4-5ulike nyansar.

Les heile saka

Rekordinnsamling av Saniteten

Rekordinnsamling av Saniteten

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Todalen sanitetsforening har denne laurdagen hatt ope for kle-innsamling i Sanitetshuset. Det er no 6. året dei helg på med dette prosjektet, og det blir nye innsamlingsrekordar kvart år. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp.

Les heile saka

Ny klesinnsamling

Ny klesinnsamling

Elinor Bolme Onsdag 17. april 2013

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 20. april frå kl 10 i Sanitetshuset. Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette […]


Nokre trossa styggveret

Nokre trossa styggveret

Elinor Bolme Måndag 4. mars 2013

Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.

Les heile saka

Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Tysdag 26. februar 2013

Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er desse datoane sett opp: måndag 11. mars, tysdag 12. mars og torsdag 14. mars. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.

Les heile saka

Eit ris for eit betre liv…..

Eit ris for eit betre liv…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2013

Fredag og laurdag aksjonerte medlemane i Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris. Det er ein årviss «happening» at dei lagar bukettar med fastelavnris, som dei pyntar med fargesprakande fjer, som dei så sel til inntekt for sanitetsarbeidet . I år hadde dei altså gjort ein vri og laga stand ved Matkroken L. Hals. Da dei starta laurdag morgon var det rundt 15 kuldegrader, og da hadde dei laga bålplass, og serverte nystekte bollar og varm kakao til dei som kom på handlerunde.

Les heile saka

Fastelavn i helga

Fastelavn i helga

Elinor Bolme Torsdag 7. februar 2013

I helga er det fastelavnsaksjon, og Todalen Sanitetsforening kjem også i år til å markere dette. Fredag og laurdag blir aktive medlemmer i foreninga å finne på L Hals med salg av tradisjonelle fastelavensris. Norske Kvinners Sanitetsforening har til årets fastelavn utarbeidd nye produkt og spreke markedsføringsstunt, og Todalen Sanitetsforening er ei av foreningane i organisasjonen som har teke godt i mot desse nye ideeane. Derfor vil det laurdag bli stand utanfor butikken der det blir solgt nye , store fjør til å pynte eit heilt vanleg tre med.

Les heile saka