Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I DAG: Gratis bingo og kaffe, med læring på kjøpet!

Elinor Bolme Måndag 14. september 2015

Førskommande måndag mellom klokka 11.30 og 13.00 blir det i samarbeid med Surnadal videregåande skule og Todalen Sanitetsforening arrangert formiddagskaffe til alle pensjonistar i Todalen. Dette er i forbindelse med læreplana til ein klasse med 16 gutter og jenter som i år går helse- og oppvekstlinja på Surnadal vgs.

Desse elevane skal igjennom skuleåret lære seg å fremme trivsel hos eldre og for at dei skal øve seg på å snakke med og ha aktiviteter saman med ulike grupper mennesker. Derfor har desse elevane no planlagt gratis kaffeservering og ein aktivitet saman med pensjonistane i Todalen fleire måndagar framover, den første på mandag fortel fagansvarleg Ingeborg Myrvang.

Elevane har planlagt å spele gratis bingo som aktivitet denne måndagen, med premier baka av elevene sjølv. Ingeborg håpar derfor at bygdafolket dukkar opp på kaffe og bingo i Todalen Sanitetshus.

Publisert: 14. september 2015, 06:00