Strikk en varm velkomst
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag opp med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Her blir det høve for ein sosial ettermiddag med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Tidlegare har det vore strikka til Etiopia, og desse varene er no levert sjukepleiestudentar i Molde for levering på nyåret. Men for dei som ønsker å fortsette med småstrikk til eit godt formål, så har NKS og Alles har gått saman om prosjektet «Strikk en varm velkomst» som rettar seg mot alle hjelpeslause flyktningar som kjem uten ein verdens ting.