Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikk en varm velkomst

Elinor Bolme Tysdag 6. oktober 2015

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag opp med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Her blir det høve for ein sosial ettermiddag med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Tidlegare har det vore strikka til Etiopia, og desse varene er no levert sjukepleiestudentar i Molde for levering på nyåret. Men for dei som ønsker å fortsette med småstrikk til eit godt formål, så har NKS og Alles har gått saman om prosjektet/dugnaden  «Strikk en varm velkomst» som rettar seg mot alle hjelpeslause flyktningar som kjem uten ein verdens ting.

Kva denne strikkedugnaden inneber:

– Alle typer strikk er velkomment, luer, gensere, sokker, vottar og skjerf.
– Alle størrelsar og farger til begge kjønn og alle aldrar.
– Levér ditt bidrag på strikkekaffeen i Todalen innan utgangen av 2015.

Har du ikkje moglegheit til å komme på dei tre, fire planlagte strikkekaffeane før nyttår, kan du ta kontakt med ansvarleg Jorunn Ness på telefon 901 51 989 og avtale levering. Tenkte datoar framover er 10.10, 31.10 og 21.11.

Les meir om Strikk en varm velkomst 

Publisert: 6. oktober 2015, 21:00