Besøk frå Valsøyfjord
Tirsdag kveld fekk Todalen Sanitetsforening besøk frå Valsøyfjord Sanitetsfoirening som la sommaravslutninga si til Todalen. Valsøyfjord Sanitetsforening slit som dei aller fleste sanitetsforeningar med rekruttering av nye medlemmer. Dei har ved fleire anledningar lett seg imponere over drift og engasjement frå Todalen Sanitetsforening, og ønska derfor å få eit innblikk i korleis dei driv det i Todalen.