Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøk frå Valsøyfjord

Elinor Bolme Onsdag 10. juni 2015

Tirsdag kveld fekk Todalen Sanitetsforening besøk frå Valsøyfjord Sanitetsfoirening som la sommaravslutninga si til Todalen. Valsøyfjord Sanitetsforening slit som dei aller fleste sanitetsforeningar med rekruttering av nye medlemmer. Dei har ved fleire anledningar lett seg imponere over drift og engasjement frå Todalen Sanitetsforening, og ønska derfor å få eit innblikk i korleis dei driv det i Todalen.

Turen starta med omvisning i ei av utleigeleilighetene i Saniteteshuset. Som vanleg var ikkje Jenny Kvendset tung å be for at gjestane skulle få sjå korleis bueiningane ser ut. Dei fekk også ein sniktitt inn i leiligheta som er under oppussing med nytt kjøkkken. Dei vart imponert over både over standard og dugnadsviljen for å halde bygningsmassane i orden.

may elisabet holten

May-Elisabeth Holten orienterte om historia til Sanitetshuset som er godt over 30 år.

Servering er sjølvsagt når ein får besøk, og kveldens meny var blomkålsuppe og loff, blautkaker og kaffe.

image

Serveringsgjengen.

 

image

Ikkje berre såg det godt ut, det smaka godt også!

Til slutt takka nestleiar i Valsøyfjord Sanitetsforening Martha Vike Sæther for at dei vart så vel imottekne når dei kom. Dei tykte det var kjekt å få lov å komme på besøk og få inspirasjon og litt påfyll til vidare drift av eiga forening.

maren og Marta Vike Sæther

Martha Vike Sæther takkar for ein inspirerande kveld i lag.

 

 

Publisert: 10. juni 2015, 21:49