Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt kunstlotteri

Elinor Bolme Torsdag 5. mars 2015

I år, som tidlegare år har Todalen Sanitetsforening kjøp inn kunstverk av ein lokal kunstnar som skal loddast ut gjennom heile året, med trekning i desember. Denne gongen vart det anskaffa to bilder, av Odd Skrøvset. Mange har allerede kjøp lodd, men da utan å vite eksakt kva dei kjøpte for. Dette var under fastelavnsrissalget på Matkroken midt i februar.

image

 

 

Dette bildet er eit tresnitt, med titelen «Kronhjort i månesinn».

Det andre bildet (øverst i saka) er eit bilde teke uti stranda, rett før raset gjekk sommaren 2013. Tittelen på dette er «Stranda heimover».

Det vil bli fleire muligheiter til å ta lodd på bilda utover året. Sanitetsforeninga kjem både til å sitje på Matkroken ved fleire anledningar utover, samt at dei blir hengande i Sanitetshuset ellers, med loddbok høveleg attmed.

Odd og dottra Ingunn var årest festivalkunstnarar under Norsk Laksefestival 2012. Vi fann ei hyggeleg sak frå Trollheimsporten: Populære festivalkunstnarar!

Først publisert: 5. mars 2015, 06:37 - Sist oppdatert: 4. mars 2015, 21:26