Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aksjon Russ 2015 i Surnadal

May Elisabeth Holten Tysdag 14. april 2015

Elinor Bolme som er leiar i Norske Kvinners Sanitetskvinner i Møre og Romsdal, fann i haust ut at NKS skulle starte ei haldningskampanje retta mot russen av året i heile fylket. Med seg på laget, fekk fylkesstyret Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Molde. SMISO fekk Amfi Kreativ til å laga boxershortsar med påskrifta “Eg tek ansvar” (gutane) og “Spør meg først” (jentene). Fylket fekk samme produsent til å laga “Goodiebags”, og fylkesstyret oppfordra dei lokale sanitetsforeningane til å fylle desse med høveleg innhald.

IMG_5755

Klart budskap her! Foto: May E. Holten

Dette er ei stor økonomisk utfordring, og dei som så langt ga bidrag til fylket, var: Amfi Drift, Gjensidige i Surnadal, Svorka, Halsa kommune, Rindal kommune og Surnadal kommune. Surnadal sparebank inviterer russen i Surnadal til eit treff kvart år før russetida med nyttig informasjon i samband med politi, helsesøster, ambulanse og kommunen. I år fekk SMISO og sanitetsforeningane i Rindal, Øvre Surnadal, Torvik og Todalen vere med på dette arrangementet som vart arrangert for sjette gongen i regi av banken.

Sanitetsforeningane samarbeidde, og vi fekk varer og aktuelle brosjyrar frå Boots apotek i Surnadal, Matkroken i Todalen, RSFU og NKS Veiledningssenteret for pårørende til rusavhengige i Midt-Norge. I tillegg kjøpte vi varer som vi fann ut at vi ville fylle opp med i tillegg til det vi hadde fått.

Pakking av godisbagar

Her pakkes godisbagar til Surnadalsrussen. Foto: Elinor Bolme

 

Russen møtte opp, og mens dei vart trakterte med pizza, fekk dei ei nyttig, haldnins- skapande informasjon, slik at russetida kan bli ei positiv tid som dei vil tenkje attende på med glede. Rådmannen avslutta med ein Quiz med spørsmål om kommunen, der deltakarane svarte med mobilane. Den var både lærerik og humoristisk, og vinnarane fekk sjølvsagt premie. Da russen skulle gå, fekk dei “Goodiebagane”, og da vart det mange blide fjes og takk! – Dette var ei så positiv oppleving og synleggjering av NKS og dei lokale sanitetsforeningane, at dette vil vi gjerne vere med på seinare!

IMG_5744

Godis og andre varer frå sponsorane i bagane som vart utdelt. Foto: Elinor Bolme

IMG_5754

Populært tiltak, konkuderte leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes

 

Publisert: 14. april 2015, 18:30