Rusletur i Øyalia
Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.
Vi fann 949 artiklar i dette arkivet.
Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.
Måndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt. Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på […]
Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyra på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.
Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.
No er det på nytt tid for ein RUSLETUR. Sanitetsforeninga inviterer til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå måndag 27. august. Her er det fine, faste grusvegar å gå etter, og det er fint å ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar. Her kan ein gå kort eller langt, ta ein rundtur eller berre rusle fram og tilbake, gå på flate marka eller ta med eit par motbakkar. Etter trimturen blir det kaffelag med graut og bakels i gapahuken.
Todalen sanitetsforening inviterer til stikkekaffe laurdag 25. august kl. 13.00 i Sanitetshuset. Alle er velkomne til sosialt samver, triveleg prat og kaffelag!
Måndag 20. august blir det ny Kløvertur. Da blir det ein runde i Toåa tursti. Her er det god stiga og fint å gå.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 10. september og tysdag 11. september. Ho har mange ledige timar båe desse to dagane.
OPPDATERT
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.
Første Kløverturen i haustsesongen 2018 var lagt til Svinvikrunden. Veret var godt, og 12 damer møttest for å gå tur, riktig kjekt å møtast turkledd igjen! Og det er alltid triveleg både med «nye» og «gamle» turgåarar – her er alle velkomne til å bli med ut på tur.
Møtet om trim, trening og helse for vaksne og eldre som skulle vere i Todalen sanitetshus tysdag 14. august, er UTSETT på grunn av sjukdom. Møtet blir no neste torsdag, altså 23. august kl. 18.30, i Todalen sanitetshus.
No er det tid for ny Kløvertursesong. Første turen i haustsesongen blir måndag 13. august. Som vanleg er det oppmøte Halsbua kl. 11.00, og turmålet er Svinvikrunden. Vi kjører i lag frå Hals og utover til Svinvika. Vi går heile eller delar av Svinvikrunden – litt etter ver og form. Er det fint ver, er det […]