Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe med gode kaker og utlodding

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. november 2018

Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag. Sjølv om det er mange arrangement i bygda denne helga, var det 15 personar som kom til Sanitetshuset med handarbeid. Dei hygga seg med kaffe, gode kaker, prat og utlodding.

Jorunn frå Øvre Surnadal hakka – det er det kanskje ikkje så mange som driv med. Vidare ser vi Margit, Randi og Ingunn. Foto: Dordi J H.

Arndis og Jorunn var vertinner i dag.

Arndis Søyset og Helen Saksen er ansvarlege for strikkekaffeen i Todalen sanitetsforening. Dei lova ut at det blir strikkekaffe i 2019, det er bra! Mange set pris på desse uformelle ettermiddagane i Sanitetshuset.

Da er det berre å følge med på todalen.no for å få vite når det blir strikkekaffe på nyåret.

Fleire bilete:

Flittige hender! Frå venstre: Lisabet, Grete, Jorunn, Arndis og Jenny. Foto: Dordi J H

Fremst Dordi og Synnøve. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 17. november 2018, 17:29