Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsforeninga melder: Laurdag: Strikkekaffe, og måndag: Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. oktober 2018

Laurdag 27. oktober er det strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00.

Alle er velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid, triveleg prat og kaffelag!

Helen og Synnøve serverer kaffe og kaker.

Neste strikkekaffe er 17. november – etter det blir det pause til over jul.

Stort oppmøte på strikkekaffeen 5. oktober, da kom det også besøk frå andre bygder – det var kjekt! Foto: Jorunn G. Ørsal.

Kløvertur

Måndag 29. november er det Kløvertur. Oppmøte på Hals som vanleg kl. 11.00. Samkjøring oppover til Talgøgarden, og så blir det tur etter skogsvegen på nordsida av elva innover til Gammelreiret. Fint underlag og ikkje bratt.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Blir det ikkje for kaldt, blir det kaffepause.

Det blir avslutning både for Rusleturane og Kløverturane 5. november i Sanitetshuset.

Kløverturen måndag 22. oktober vart oppå Tjønnmyrå. Veret var slik at det var kjekt å ta pause under tak. Foto: Dordi J H

Publisert: 26. oktober 2018, 10:34