Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira 90-årsdagen sin med Kløvertur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. november 2018

Hurra for ho den som fyller sitt år! Ja, ho vil vi gratulere! I dag ropar vi hurra for Kitty som fyller 90 år! Sjølv om Kitty har stor runddag, så stilte ho på Kløverrulsetur, men runden frå Sanitetshuset og utover til Småbåthamna tok ekstra lang tid for henne i dag. Ho måtte rett som det var, ta pause på rullatoren for å ta i mot gratulasjonar på mobiltelefonen!

Dagens jubilant, Kitty 90 år! Ho er sprek og ung til sinns: Foto: Dordi J H

Kitty hadde hatt stort familieselskap i helga, så i dag var det godt med ein trimtur. Kitty voks opp i Rørvik og kom til Todalen i 1952 da ho fekk huspost her. Ho vart verande i bygda og har no både barn, barnebarn og oldebarn. Kitty kunne fortelje at ho i fleire år jobba med kjøttmaling og fiskmatlaging på Samvirkelaget på Todalsøra og seinare mange år på SIAS.

I dag var det stort kaffelag i Sanitetshuset der det var avslutning for alle dei fine Rusleturane og Kløverturane vi har hatt i 2018. I alt har det vore arrangert 30 turar, og om lag 50 forskjellige deltakarar har gått tur, ein eller fleire turar. Somme har vore med på nesten alle turane. Kløverturarrangementa blir sette pris på, kanskje mest for det sosiale, men også for å få trim og frisk luft!

Avslutning med god og fin kake. Jubilanten fekk første kakestykket! Foto: Dordi J H

 Det var base ved Sanitetshuset, og så vart det gått tur både både hit og dit: Opp til Løfta, bortover til Rossåfossen, utover til Småbåthamna og Byggefeltrunden, turmål for ein kvar smak. Fint ver og ein triveleg turdag!

Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga takkar alle som har vore med på Kløverturarrangementa i 2018, for innsatsen!

Spreke damer på Løfta: Dordi, Berit, Kari, Helga fremst. Bak frå venstre: Arndis, Åse, Jean og Marit. Foto: Jorunn H

Neste år blir det nye turar, nye turmål og fleire kaffelag!

Og da det ser ut til å bli fine haustdagar utover, satsar vi på ny Kløvertur måndag 12. november og.

Godt ver, tørt og fint å gå! Frå venstre Karen Johanne, Anne, Ingrid og Jenny. Foto: Dordi J H

Det tradisjonelle gruppebiletet. Fremst: Ingrid, Grete, Anne, Kitty, Lisabet og Jenny. Attanfor: Dordi, Jorunn, Sigrun, Ester Karin, Eli, Karen Johanne, Marit, Helga, Jean, Jorunn, Arndis, Ingeborg, Berit, Synnøve, Kari. Foto: Dordi J H

To bursdagsbarn: Dordi Jorunn som i dag blir «ekte» pensjonist og jubilanten Kitty. Foto: Marit S S

 

 

 

 

Publisert: 5. november 2018, 17:57