Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.


KløverRUSLEtur på Kvennsetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mai 2019

Måndag 20. mai inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.


Kløverturen Stakk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mai 2019

Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.


Kløvertur: Stikk UT!-runden om Tjønnmyran.

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. mai 2019

Kløverturen måndag 13. mai blir Stikk UT!-runden om Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals, samkjøring derifrå kl. 11.00 oppover til Gammelfabrikken.


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. mai 2019

Kanskje er den hardaste handarbeidssesongen på hell, det er heller sesong for hagearbeid, våronn og uteliv. Laurdag ettermiddag var det nemleg litt færre enn vanleg som møttest i Sanitetshuset til Fredrikkekaffe. Men dei fjorten som var på plass, fekk ei kjekk stund i lag.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. mai 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!


Kløvertur i friskt ver og vårdugnad.

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mai 2019

Etter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.


Kløvertur i Kvennsetlia, dugnad i Sanitetshuset.

Dordi Jorunn Halle Laurdag 4. mai 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 6. mai. Denne gongen startar turen frå Sanitetshuset kl. 11.00. Det blir tur innover skogsevgen eller oppover til Løfta.


Fin tur i godveret

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. april 2019

Etter er ein lang påskepause vart det endeleg Kløvertur igjen. Denne siste måndagen i april var turen lagt til Hala og Husby med Åshild som guide. Veret var strålande, meir sommar enn vår! Og det er riktig så tørt og fint å gå i terrenget.


Kløvertur på Hala og Husby

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. april 2019

Måndag 29. april er det klart for ny Kløvertur. Denne gongen blir det rundtur på Hala og Husby. Oppmøte på Hals kl. 11:00, samkjøring oppover til Austistua.


Sal av maiblomster i Todalen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 25. april 2019

No er det snart mai, og det er tid for å pynte både seg sjølv og bilen eller andre kjørety litt ekstra. Todalen sanitetsforening vil selje maiblomster laurdag 4. mai framfor Hals frå kl 10.00 til kl. 16.00.


Klare for 20 dagar med feiring!

Elinor Bolme Torsdag 25. april 2019

I dag var alle Russ-19 inviteret til det årlege russetreffet hos Surnadal Sparebank. Som vanleg var helsesjukepleiar, ambulanse, politi og sanitetsforeningane i Surnadal til stades for å komme med velmeinande tips og råd til ei trygg, inkluderande og artig russefeiring. Emma Sæter og Oda Kårvatn er Todalen sine «representantar» når dei i morgon ettermiddag startar med russedåp og feiring til den 17. mai.


Finverstur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. april 2019

Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.