Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart i ruskever

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. februar 2020

Måndag 10. februar var sett som dato for Kløverturoppstart. Yr melde om ekstremver, «Elsa» – med høg flo, regn og vind. Men 6 trimmarar trossa veret og stilte framfor Halsbua kl. 11, og tur vart det!

Dagens tur gjekk i Toåa tursti, her var det fint å gå. Og veret vart over all forventing, nesten ikkje nedbør og lite vind. I dag som så ofte elles ser veret verre ut innanfrå enn det verkelg er når ein kjem seg utomhus. Det vart ein frisk, god og triveleg tur!

Måndag om ei veke, 17. februar, er det ny Kløvertur.

Ved Båthølen. Her blir det snart ny gapahuk, bålplass og fiskeplass. Vi gler oss! Foto: Dordi J H

Floa gjekk langt innom klubbhuset på Bordholmen. Foto: Dordi J H

Publisert: 10. februar 2020, 14:51