Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg på Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 8. februar 2020

Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.

Mathea fremst, ho kosa seg på strikkekaffe i lag med storgolmå Anne Helene. Arndis beundrar det fine pannebandet. Foto: Dordi J H

Yngste deltakar på strikkekaffeen var Mathea som var på besøk hos storgolmå Anne Helene. Mathea går i 5. klasse og er  dyktig til å strikke, ho var kome langt på eit riktig fint panneband! Eldste deltakar var som vanleg Jenny, ho fyller 99 år utpå hausten. Ho strikka på lestar med 3 farger.  Elles er ho interessert i sport, stas med vintersport i TV’n no om dagen. «Eg gler meg til det blir VM i skiskyting, det startar den 13. februar,» kunne ho opplyse. I sommar-sesongen ser ho gjerne både fotball og friidrett. 

Jenny , til venstre, og Eli synest det er kjekt å treffast til triveleg prat og hygge i Sanitetshuset.

På dagens Fredrikkekaffe var det ein langvegsfarande gjest, nemleg Turid frå Fyllingsdalen ved Bergen. Ho er søster til Jorunn Husby og er medlem Fyllingsdalen sanitetsforeining. Turid syntest det var kjekt å sjå korleis todalingane arrangerer strikkekaffe. Ho kunne fortelje at no skulle dei starte opp med Kløvertur i Fyllingdalen, kanskje etter inspirasjon frå Todalen? Ho er nemleg fast lesar av todalen.no.

Rundt bordet frå venstre sit: Jorunn H, Ester Karin, Anne Helene, Synnøve G, May-Elisabeth, Synnøve T, Jenny, Eli, Ildri, Jorunn Ø og Turid. Foto: Dordi J H

Vertinner var Ingeborg og Jorunn Ø, dei serverte riktig gode bakels med heimelaga syltetøy og nydeleg sjokoladekake. 

Neste strikkekaffe blir laurdag 7. mars i Ungdomshuset, da er det overføring av NKS sin «Kvinnehelsedag» frå Oslo Kongressenter.  Meir om programmet seinare.

May-Elisabeth er nesten ferdig med denne flotte strikkajakken. Ho prøvde jakken og fekk gode råd om korleis ho skulle avslutte rundt halsen. Mønsteret heiter «Retro». Foto: Dordi J H

Godt med pause og kaffelag. Jenny, Eli, Anne Helene, Synnøve T og Ingeborg. Foto: Dordi J H

Publisert: 8. februar 2020, 20:41