Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Snøkjerringar» på tur

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. februar 2020

Dagens Kløvertur starta i godt ver, litt opplyst og mestå glimt av blå himmel. Men i Todalen er nok veret like skiftande som det var i Granåsen i helga, altså «trønderver»! Det gjekk ikkje lange tida før snøen lava ned, men heldigvis hadde turfølget vit til «å snu i tide»!

Det vart Kløvertur etter allmannvegen for dei fleste, frå Kvennset og opp til Heggeskaret. Frå venstre Kari, Sigrun, Helen, Marit og Dordi. Foto: Dordi J H

Veret kom ikkje overraskande, da det vart akkurat slik som YR hadde meldt, men det er lov å håpe på ein dag med opphaldsver! Men det vart triveleg tur lell, ein «skravletur» – det er kjekt å treffast, og det blir både frisk luft og trim. 

Etter turen var det godt med kaffe og varme i «Kaffekroken» på bua.

Neste måndag blir det ny Kløvertur.

Fleire bilete:

Godt ver før turstart. Frå venstre: Dordi Jorunn, Kari, Sigrun, May-Elisabeth, Dordi, Jorunn Ø, Arndis, Jorunn H, Helen, Åse og Marit. Foto: Anton B.

Åse og Arndis tok turen opp i Kvennsetlia, her er dei på tur nedatt til Halsbua. Foto: DordiJ H

Kjekt å vera ute om ikkje sola skin! «Rekkjingsfør» i dag ! Foto: Dordi J H

Godt og varmt i «Kaffekroken»! Foto: Dordi J H

Publisert: 24. februar 2020, 14:52