Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. februar 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til ein ny sesong med Kløverturar. Det blir oppstart i morgon, måndag 10. februar.  Turen blir etter Toåa tursti, altså ein mjuk start etter ein lang juleferie. Oppmøte ved Matkroken/Halsbua, og start derifrå kl. 11.00.

Vermeldinga for morgondagen er ikkje den aller beste, det kan både bli litt regn og vind, men varmegrader og ikkje hålt! Kanskje kaffepause i Kaffekroken på bua?

Det er Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening som er ansvarlege for Kløverturane. Det blir tur kvar måndag utover vinteren og våren. Turane vil gå i området frå Haltbakkan til Kårvatn. Når det blir vår og varmare ver, blir det også Rusleturar. 

Medlemmene i Kløverturgruppa er Sigrun Ørsal, Marit Sanden Søyset, Jorunn Gislaug Ørsal, Åse Johanne Ville Redalen, Jorunn Husby og Dordi Jorunn Halle. 

ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!

VEL MØTT!

Bert og tørt i Gunnøya søndag 9. februar. Foto: Dordi J H

I Gunnøya. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 9. februar 2020, 15:48