Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene.  NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.

Ein feil i leveransen av fjær frå NKS gjorde at lageret var tomt da vi stakk innom, men dei hadde att fjær til å pynte NKS-treet som står attmed vegen. Her vart det etterkvart mykje fjærpryd etter kvart som folk støtta fellestreet ettersom det var tomt for fastelavnsris. 

Det vart etter kvart mykje pynt på Sanitetstreet attmed vegen – her er det Åse som sørger for påfyll. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. februar 2020, 12:07