Dametrimmen treng leiar
Etter mange år som instruktør for dametrimmen i Todalen ser Turid Hals Sæter seg ikkje rå for å fortsette. Dette betyr at om tilbudet fortsatt skal vedvare, så må ny instruktør/leiar på plass.
Vi fann 1763 artiklar i dette arkivet.
Etter mange år som instruktør for dametrimmen i Todalen ser Turid Hals Sæter seg ikkje rå for å fortsette. Dette betyr at om tilbudet fortsatt skal vedvare, så må ny instruktør/leiar på plass.
Søndag var det knøtteturnering på Syltøran. Dette er eit årvis arrangement, der alle idrettslaga i kommunen går saman og lagar ei uformell knøtteturnering på tvers av klubb, lag og vennskap. Surnadal IL sin koordiator Anett Ranes er den som held i trådane, medan representantar frå dei andre lokale fotballklubbane bidreg med litt planlegging og heller meir praktisk gjennomføring.
Samarbeidslaget STKU fortsetter seiersmarsjen. Det var folksomt på bordholmen i kveld da Clausenenga var på besøk for å spille mot fremadstormende 14-åringer på samarbeidslaget STKU (Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen). STKU ledet 6-0 etter første omgang, så reduserte CFK en gang tidlig i andre.
Vi har også i år fått tilsendt takkehelsing fra ein av organisasjonene som fekk tildelt deler av startkontigenten frå mosjonsløpet Ræta opp på Todalsdagen. Åshild Haugland Haram, sekretær i BURG Møre og Romsdal skriv:
Åshild Halle i Friidrettsgruppa i Todalen IL melder om at det i kveld blir anledning til å ta idrettsmerke på Bordholmen. Møt opp klokka 18.30. Alle er velkomne, både gamal og ung til ulike friidrettsøvelsar som lengde, liten ball, 60 meter og 3000 for den som ikkje har teke skimerke i vinter.
Torsdag klokka 18.30 er det kamp på Bordholmen igjen. Da er det CFK 1 som kjem og skal spele mot STUK i klassen G14. CFK ligg 6 poeng under vårt lokale lag på tabellen, med ein kamp mindre spela så langt, så denne kampen kan kanskje bikke begge vegar.
Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.
Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren. Starten for Trollheimsmarsjen går fram til kl 11 i føremiddag.
Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4. Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter […]
I kveld møttes dei to rivalane Søya/Todalen og Surnadal i klassen for gutar 12 år til kamp på Bordholmen. Dette er alltid spesielle oppgjer, då fleire på begge lag går i samme klasse, men spelar på ulike lag. Desverre for Søya/Todalen tok surnadalingane leiinga rimeleg fort ut i første omgang, og laga gjekk til pause med 2-5 til Surnadal.
I morgon klokka 19 blir det lokaloppgjør på Bordholmen igjen. Da spelar G12 Søya/Todalen mot Surnadal. Kiosken blir naturlegvis åpen, og det blir høve til å få kjøpt seg både kaffe og bakels med graut.
Solariumet ved Hett & Svett blir i desse dagar oppgradert. Det betyr at det blir stengt medan måling og anna oppussingsarbeid pågår. Solariumet er mykje bruka, og Idrettslaget som er eigar av utstyret, ønsker derfor at rommet skal bli litt meir innbydande for brukarane.