Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyoppkjøyrde løyper til helgaturen

Elinor Bolme Fredag 19. februar 2016

Scootekomiteen melder om nyoppkjøyrde spor på sørsida av Todalsfjella. Skispora går opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. I går vart det i tillegg oppkjøyrd spor frå Tristeinane og opp på Midtryggen.

Etter siste helgs randoneerenn vart det også kjøyrt frå Skihytta og til Litjfjellet mellom Vassnebba og Blåfjellet. Her utan spormaskin.

For dei som ikkje har som mål å komme seg til topps, kan ein tur på Tjønnmyra anbefalast, eller heilt enkelt ein runde på dei oppkjøyrde spora i Ørsalbukta eller på Kvendsetgarden og oppover bygda.

Publisert: 19. februar 2016, 09:49