Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt jobba!

Jon Olav Ørsal Sundag 14. februar 2016

Årets randoneehelg er over  – kaldt var det, med temperaturar ned med 12-13 grader på søndag – men du verden for ei oppleving for både løparar, arrangør og funksjonærar som alle har stått på frå morgon til kveld. Det er egentleg veldig artig å være arrangør, når alle er så nøgde. Vêret og føret har klaffa, med det finaste pudderføre ein kan få – sa dei tosifra kuldegradene må vi ta med på kjøpet og ta på oss skikkelege vinterklær for å halde kulda ute.

Vi veit frå før at «randoneegjengen» er ikkje dei mest storforlangande. Dei er eit lite miljø og er vant til å klare seg sjølve, og dei klarer seg faktisk godt. Difor er det også ei takknemleg oppgåve å være arrangør, for du gjer kanskje litt ekstra for slike? Arrangøren Todalen I.L. har iallfall fått mykje gode tilbakemelding og gårdagens vinnar Lars Erik Skjervheim var raus med superlativa når han kom ned frå fjellet og gikk i mål ved Kårvatn.  I dag deltok han ikkje i vertikalen, med han tok ein tur opp for å sjå på løype og stakk innom arrangørstaben før han dro heim og det var hans ord «godt jobba» og tommelen opp. Vi kan også nemne at nesten samtlege aktive løparar som gjekk i mål på Litjfjellet i dag skrytte uhemma av den beste vertikal løypa ever!!

Nils Ove Bruset som har vore rennleiar vil nytte høvet til å takke alle som har stillt opp både som funksjonærar og andre oppdrag.  Han sett stor pris på den velviljen som blir vist frå funskjonærstaben som stiller opp – år etter år. Stor takk også til sponsorane som i år har vore Svorka, Surnadal kommune, Talgø, Gjensidige, Surnadal Sparebank og Kårvatn Fjellutstyr.

Vi har nokre bilder på lur frå stadionområdet, i fjellet og rundt omkring som vi har lagt ut i eit bildegalleri her!  Foto: Jon Olav, Ivar og Jo.

Publisert: 14. februar 2016, 20:00