Påfyll av vedlageret på Tjønnmyra
Kvar vinter går det med ein del ved for å fyre i paisen i gapahuken ved lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har også i år teke på seg jobben med å fylle opp att vedlageret. Dei har i det siste difor kappa, kløyvd og lagt opp veden, slik at den er tørr og fin når den skap brukast.